Håkon – den gode kongen

0 Comments

mars 19, 2024  

Håkon – den gode kongen er eit nyskrive teaterstykke som skal framførast på ein utandørs-scene på Fitjar 30. og 31. august 2024, med både profesjonelle og lokale skodespelarar.

Stykket fortel soga om Håkon Adalsteinsfostre, son av kong Harald Hårfagre og Tora Mostrastong, frå han som ung gut vert sendt til England for å bli oppfostra hos Kong Adalstein, til han som vaksen kjem tilbake til Noreg og vert Noregs tredje konge: Håkon den gode.

Som konge set Håkon Gulatingsloven og byrjar kristninga av landet, men han møter motstand i Trøndelag, der opprørske bønder krev at kongen deira skal blota på tradisjonelt vis.

Kong Håkon må dessutan hanskast med den aukande trusselen frå Danmark, der sønene til Eirik Blodøks og Dronning Gunnhild planlegg invasjon med militær støtte frå Kong Harald Blåtann.

Det heile endar i det dramatiske slaget på Fitjar i 961.

BILLETTANE VERT LAGDE UT FOR SAL FREDAG 22. MARS KL. 14.00
{"email":"Email address invalid","url":"Website address invalid","required":"Required field missing"}