Mat og drikke

ikkje berre poteter

Her kan du få deg noko godt å eta i Fitjar

Enkel og god mat i rolege omgjevnader med lyden av bølgjer i fjæresteinane og utsikt til eit svanepar som visar fram ungane sine.

Fitjar Fjordhotel

A la carte eller komlebuffet, eta i restauranten eller catering, du får alltid noko godt å eta på Fitjar Fjordhotell.

Kråko Gjestetun

God heimalaga mat på campingplassen inst i Hellandsfjorden. Ope for lukka lag, eller catering. Kråko Gjestetun fiksar det meste.

PS Bryggekafe

Langsam mat med roleg stemning, heilt på bryggekanten i Kråko Sjøhytteområde. PS Bryggekafé sin næraste nabo er ELØ mikrobryggeri. 

Fitjar Thai Take Away

Ekte Thai mat servert frå vogna til Fitjar Thai Take Away i Fitjar sentrum.

Fitjar Mix kiosk

"Mix'en". Eller "Videoen" på folkemunne sjølv om ingen lengre spør etter å leiga film der. Men pizza og hamburger får du, og soft-isen på Mix'en køyrer folk langveisfrå for å eta.

Engesund Visningssenter

Sitt ute på sjøen, og smak på nydelige hjemelaga rettar av laks ifrå oppdrettsanlegget. Liker du ikkje fisk, har du ikkje smakt korleis Engesund tilbredder den. Dei servere også dessert og ulike kaffe.  

Potetbygda Fitjar

Det fruktbare rike jordsmonnet i Fitjarbygda var vidgjete heilt frå folk gjekk frå steinalderens sankekultur til bondesamfunn med dyrking av gras og vekster. Og ettersom Fitjar er ein del av Geopark Sunnhordland, er det viktig for oss å få fram kor viktig geologien er for jordsmonn og vasskvalitet. Mikrobryggeriet ELØ hevdar at den særs gode vasskvaliteten på vatnet frå Svartavatnet på toppen av Midtfjellet har mykje å seie for det gode ølet som vart brygga her.

Poteter har frå gamalt av vore særleg viktig for bøndene i Fitjar, og kvart år sigla dei til by'dn (Bergen) med båtane fullasta med poteter for sal til fine byfruer. Dei selde frå båtane, men traska også i smau og smitt, banka på dørene og baud fram potetene. Ein av karane fekk spørsmål frå ei frue om potetene var melne? Ja, sa han, det var dei. Då ville ho ikkje kjøpa potetene. Neste gong han fekk spørsmål om potetene var melne, svara han at nei, dei var kokefaste. Då ville ikkje den frua ha potetene. Den tredje gongen spørsmålet vart stilt, svara han "Tja, det vert etter som De vil ha dei, det".

Fitjarbuen er glad i poteter, og på folkemunne seiast det at når dei skipa til lag kor det var mange folk i frå Fitjar, så rekna dei dobbelt så mange poteter til kvar.

Du kan oppleva mykje rart i Fitjar!
Vi sender ferietips og kjekke aktivitetar til deg, meld deg på lista vår her: