natti natti 

Her kan du sova godt i Fitjar

Du skal få sleppa å sova i potetåkeren. Me kan finna ei seng til deg i Fitjar, anten du kjem i eigen bubil, vil ha hotellrom eller ser etter ei hytte du kan leiga! 

Fitjar Fjordhotel

Du kan få rom med sjøutsikt og eit herleg måltid i restauranten på Fitjar Fjordhotell.

Kråko Gjestetun

Du kan slå opp telt, parkera bubilen din eller leiga ein leilighet på campingplassen i Fitjar, Kråko Gjestetun.

Leig ei hytte

Vil du leiga deg ei hytte for ei veke eller to i ferien?

I Kråko Sjøhytteområde finst det hytter til leige.

Kongsbygda Fitjar

Visste du at når du søv i ei seng i Fitjar, så søv du nesten på kongsgarden til Håkon den Gode?

Håkon den Gode hadde kongsgarden sin på Fitjar, bygda har vore kongssete sidan uminnelege tider. Lenge før Håkon den Gode var Fitjarbygda eit sete for viktige folk. I Rimsvarden som du kan gå opp til på bakketoppen aust for Fitjar kyrkje, vart det funne eit bronsesverd, som fortel oss at det var ein stor og viktig høvding som vart gravlagd her.

Midt i Fitjar sentrum, mellom kommunehuset og Fitjar kyrkje, ser du monumentet over Håkon den Gode som bilethoggaren Anne Grimdalen skapte. Statua vart avduka i 1961.

Kongsgarden til Håkon den Gode låg oppom Fitjar Kyrkje, og du kan gå tur opp til den gamle Håkonarbrønnen, som låg tett attmed kongsgarden, og her har nok trellane til Håkon den Gode fylt mange vassbøtter til å sløkkja tørsten til folk og fe. 

Verdsmeisterskapet i potetskrelling

Ølsmaking med potetchips av Fitjarpoteter

Lakseburger med saltbakte Mandelpoteter 

Du kan oppleva mykje rart i Fitjar!
Vi sender ferietips og kjekke aktivitetar til deg, meld deg på lista vår her: