Så mykje kjekt å gjera

og vi hjelper deg å grava fram det beste!

Vi kokar gjerne ihop eit knippe gode opplevingar i Fitjar for deg!

(isbading er heilt på eige initiativ)

Potethøsting

 kom og sjå! 

Her er noko av det du kan gjera i Fitjar

Vi kan få gåsehuden til å reisa seg på armane, gleda til å sprudla i magen og varmen til å breia seg om hjartet for deg som kan kunsten å fryda deg over lågmælte opplevingar i godt lag.

Klapp ei geit

Geitekillingen Tharald står klar til kos Oppe i Dalen. Han er mjuk og snill og elskar å treffa nye folk!

Sjå korleis laksen lever

Hos Engesund Oppdrettsanlegg og Visningssenter kan du sjå nærare på husdyret laksen.

Padla kano

Kråko Gjestetun har kanoar til gratis utlån!

Du får regningsvest med, og kan padla deg ein tur i Hellandsfjorden.

Gå tur på fjellet

Fjellet ligg klart, med turløyper av ulik vanskegrad, enten du er er "hjulbeint" syklist, rullestolbrukar eller vandrar til fots. 

Besøk ein strikkefabrikk

LEIK knitwear, strikkefabrikken i Fitjar har fabrikkutsal og tar imot besøk.

Høyr korleis Håkon den Gode sloss med Eiriksønene

Gå kulturløypa i Fitjar sentrum, anten aleine eller med eigen guide.

Finn dei hemmelege badeplassane

Fitjar har utruleg mange badeplassar, og vi deler gjerne vårt "hemmelege" kart.

Sjå Fitjarøyane frå rib-båt

Engesund Oppdrettsanlegg og Visningssenter arrangerar skjergardssafari med rib-båtane sine.

Kjøp lokalt øl

Mikrobryggeriet ELØ har vunne mange prisar for ølet sitt. Ølutsalet er ope kvar dag ute i Kråko, eller du kan kjøpa øl hos Spar Fitjar eller Fitjar Vinmonopol.

Besøk Fitjar kyrkje

Den fine kvitmalte trekyrkja har mange historier i veggene, og ei heilt spesiell gamal kyrkjeklokke.

Gå på stolpejakt

Stolpejakt er populært, og mange kjem til Fitjar for å jakta stolpar! Jaktsesesongen er frå april til oktober.

Ta ein dusj i Tveitafossen

Den vakraste lille foss finn du etter ein kort tur langs den idylliske stien gjennom skogen, og ei frisk avkjøling i fossen ventar når du er framme. 


Isbading

Ikkje for kven som helst.

Dra garn i Storavatnet

Du kan bli med Knut Berge Aarbø ut tidleg om morgonen og trekke garn, kanskje blir det både aure og røye.

Ri på ponni

Oppe i Dalen har snille ponniar som du kan få ri på.

Lær lure interiørtriks

Løkling Design lærer bort lure interiørtips på PS Bryggekafé.

Padla kajakk

Ta med deg kajakken og oppdag 365 øyar å padla rundt! Boka Padling i Fitjarøyane er fin som turguide. Du kan kjøpa boka hos Fitjar Turistinformasjon!

Humorbygda Fitjar

Fitjarbuen gjer helst ikkje mykje av seg. Vi er helst smålåtne og ikkje spesielt oppteken av å skryta. Men tek du deg tid til ein prat, vil du finna varme og omsorg, og er du kald på fisketuren, kjem den gamle termosen fram, med varm, krutsterk kaffi. Og har du tid, vil du få høyra den historia om han Nils-Olai og hesten på leite.

Fitjarbuen er smålåten og stillfaren til dagleg, men slår latterdøra på vid vegg når sjansen byr seg. Fitjar har eigen revyfestival annakvart år, og kvar sommar kan du le så ølet skvett på Fitjarrevyen i teltet ved Fitjar Fjordhotell.

litt av kvart å velja i

Arrangement

Aktivitet for alle

Aktivitet for alle

Lyst å finna på noko i lag med andre? Fotball, karate, teater, breakdance, motorcross, eller kanskje noko heilt anna? Her er ei oversikt over fritidsaktivitetar i Bømlo, Fitjar og Stord som du kan bli med på!

Klikk deg inn på nettsida "Aktivitet for alle", der finn du oversikt over ulike fritidsaktivitetar og andre arrangement.

Verdsmeisterskapet i potetskrelling

Ølsmaking med potetchips av Fitjarpoteter

Lakseburger med saltbakte Mandelpoteter 

Du kan oppleva mykje rart i Fitjar!
Vi sender ferietips og kjekke aktivitetar til deg, meld deg på lista vår her: