You missed out!
Er du klar for
FITJARFESTIVALEN 2025?
Fitjarfestivalen er klar med lokal kultur og ekte vestlandsstemning – midt i hjarta av Fitjar! Her kan du nyta helga saman med familie og vener, omringa av kortreist mat, kjekke aktivitetar, musikk og opplevingar for store og små.
I år kan du sjå fram til eit variert festivalprogram med spennande boder, aktivitetsdag på Engesund Visningssenter, og ikkje minst konsert med Ingebjørg Bratland og musikkbingo med Åge. Fitjarevyen er også tilbake – klar for å få deg til å le!
OG MYKJE MEIR.
Kva skjer på Fitjar?
Fitjar er ein stad der det skjer alt frå konsertar til fjellturar. Her er ei oversikt over nokre av dei spennande aktivitetane Fitjar har å by på for tida.
Har du eit arrangement som folk ikkje bør gå glipp av? Ta kontakt med oss, så får me det med på lista vår!
Potetbygda Fitjar
Du kjenner sikkert til at det finst eit uttal ulike potetsorter. Den sorten me likar best her i Fitjar er store, kvite poteter som er mjølne og smaksrike. Den sorten har eit flott namn, men her i Fitjar kallar me dei Kvite Engelske Poteter, eller aller helst seier me Fitjarpoteter.
Visste du forresten at dei ulike potetsortene har svært ulike blomar, og nokre av dei er så vakre at dei kan plantast i potte, som prydplante?
Den grøne bygda Fitjar
Ordet Fitjar tyder "den grøne eng ved sjøen". Og grøn er bygda, store deler av året. Fruktbar er jorda, det har folk visst sidan steinalderen.
I seinare tid er vi spesielt stolte av at Sunnhordland har fått merket "Bærekraftig Reisemål". Så vi er grøne på meir enn ein måte!
KOM IGJEN,
TA KONTAKT!
Fitjarsjøen 2, 5419 Fitjar
visning@engesund.no
+47 951 89 950