Vi besøkte Kråko Gjestetun

0 Comments

august 13, 2023  

Vi har testa ut Kråko Gjestetun for deg! Det koselege gjestetunet og campingplassen i hytteområdet Kråko byr på god mat, behageleg utsikt og opne dører. Kanskje akkurat det du har lengta etter?

På gjestetunet vart vi møtt av ei hyggeleg betening. Dei veit å ta i mot kundane sine. Med opne armar, og dører, fekk vi kome inn i den skjønne og rolege kaféen. Her serverast middag til den som ynskjer, om sundagar til og med sundagsbuffet. Ein kan også bestille catering eller halde lukka arrangement her.

Gjestetunet er ei familiebedrift. Men det er ikkje berre gjestetunet dei har ansvar for. Mor og far driv også gard på sida. I tillegg har fleire av borna, som også er å møte på gjestetunet, fulltidsjobb utanom. Arbeidsam familie! Servicen stoppar heller ikkje der. For visste du at dei også driv besøksgard? Oppe i Dalen kan du møte og klappe både villsau, høns og geiter.

Gjestetunet ligg idyllisk plassert i rolege omgjevnadar. Utsikta mot Hellandsfjorden gjer livet ekstra behageleg. Særleg når ein kjem ut på vatnet. Her kan ein nemleg leige kanoar, heilt gratis!

{"email":"Email address invalid","url":"Website address invalid","required":"Required field missing"}