Vi har testa ut Fitjar Fjordhotell for deg! Det nydelege hotellet i Fitjar sentrum byr på vakker sjøutsikt, deilege måltid og ein roleg atmosfære. Kanskje akkurat det som trengst?
Du tenkjer kanskje at drøymeopplevinga stoppar der? Neida! Attpåtil fekk vi glitrande sjøutsikt. Frå restauranten kan ein nyte solnedgongen i havgapet. Sjelefred inkludert! Perfekt utsikt for ein roleg familiemiddag eller eit romantisk måltid.
Romma på hotellet er også fine. Ein behageleg stad å slappe av med akkurat nok plass. Lenestolane og sofaane er i tillegg svært behagelege. Kanskje er du også heldig nok til å få rom med balkong eller sjøutsikt? Når turstiane og strendene er rett utanfor døra, er det likevel ingen krise. For sjelefreden ventar i all slags vêr. Og i resepsjonen finn du brosjyrar og informasjon om alt ein kan finne på i bygda.
Det er enno ein ting som må nemnast. Nok -o som løfta besøket vårt enno nokre hakk; nemleg staben. Smilande, hjelpsame, imøtekomande, serviceinnstilte, kunnskapsrike og dyktige ansatte som møter kvar enkelt gjest. Saman skapar dei ein trygg atmosfære. Berre det å møte dei i resepsjonen gjev meirsmak. Ein slik god kundeservice skal du leite lang om lenge etter.
Tusen takk for besøk, og vi kjem gjerne tilbake igjen fleire gangar!