Fredag 24.Oktober, 19:00
Port Steingard, Kråko
Ein pubkveld er omtrent som eit naust. Naustet er ikkje berre for å ha båt og fiskeutstyr i, men er kanskje mest ein stad å komma saman og ha det kjekt. Pubkveld er ikkje berre for å drikka, men er kanskje mest for å komma saman og prata med gamle og nye kjenningar, på tvers av alder og yrke.
Pubkveld er ein kveld for å komma saman og prata – gjerne over ein liten øl – med gamle og nye kjenningar, på tvers av alder og yrke, vegg i vegg med handverksbryggeriet ELØ.
Kva får du på pubkveld i PS Bryggekafé?
Du får: Friska opp gamle vennskap, og skapa nye.
Du får: Høyra nyhende om kva kompisane eller venninnegjengen har gjort på sidan sist.
Du får: Skyss heim! Me har ein liten mini-buss og sørger for sjåfør som køyrer deg tilbake til sentrum etter pubkvelden, dersom du treng skyss. Denne gongen er det Bente Fitjar som er friviljug sjåfør. Send melding til ho på tlf 970 05 308 dersom du vil tinga skyss.
Kva får du IKKJE på pubkveld i PS Bryggekafé?
Du får IKKJE: Høg musikk. Me trur at det aller viktigaste er å prata saman, utan å måtte konkurrera med siste hits på sprenghøgt volum. Dersom me spelar musikk, er det berre lågt, i bakgrunnen.
Du får IKKJE: Fancy mat. Pubkveld handlar om å prata meir enn å eta. På pubkveld får du kjøpa snacks eller kanskje ei pølse med brød. Enkelt og greit.
Du får IKKJE: Drikkepress. Me er like glad om du kosar deg med cola eller alkoholfri Kråkesølv.
