Pubkveld på PS Bryggekafé 6.Juni Kl:19.00

0 Comments

mai 19, 2025  


Arrangement av PS Bryggekafé

Port Steingard, Kråko, 5419 Fitjar, Norge

Sommarpub på PS Bryggekafé!
Dette er siste pubkvelden før sommarferien – bli med!

Kva er pubkveld?
Pubkveld er ei sosial samling der folk i alle aldrar kan møtast for å prate saman, gjerne med ein øl i handa. Me er naboar med bryggeriet ELØ, så det blir god stemning!

Kven køyrer?
Denne gongen er det Bente som er sjåfør. Du kan ringa ho på tlf. 970 05 308 for å avtale skyss.
Skyss med Kråkobussen er heilt gratis! Men vil du Vippsa eit lite beløp som takk, finn du info om det på lappar bak i bussen.


Dette får du på pubkveld:

  • Treffa gamle og nye vener

  • Høyra nyheiter – både frå folk og frå bryggeriet

  • Gratis skyss heim til sentrum etterpå


Dette får du ikkje:

  • Høg musikk – me vil heller prate enn rope

  • Fancy mat – berre snacks og noko enkelt

  • Drikkepress – cola eller alkoholfritt er heilt topp


Velkommen til ein hyggeleg kveld på PS Bryggekafé!

{"email":"Email address invalid","url":"Website address invalid","required":"Required field missing"}