PS Bryggekafé
Port Steingard, Kråko
Fredag 21. Mars 19:00
Pubkveld er ein kveld for Ã¥ komma saman og prata – gjerne over ein liten øl – med gamle og nye kjenningar, pÃ¥ tvers av alder og yrke, vegg i vegg med handverksbryggeriet ELØ.
Kva får du på pubkveld i PS Bryggekafé?
Du får: Friska opp gamle vennskap, og skapa nye.
Du fÃ¥r: Høyra nyhende, bÃ¥de om kva kompisane eller venninnegjengen har gjort pÃ¥ sidan sist, og om kva ELØ har brygga i tankane sidan sist, og kanskje litt topphemmeleg info om kva som kjem…
Du får: Skyss heim! Me har ein liten mini-buss og sørger for sjåfør som køyrer deg tilbake til sentrum etter pubkvelden, dersom du treng skyss.
Kva får du IKKJE på pubkveld i PS Bryggekafé?
Du får IKKJE: Høg musikk. Me trur at det aller viktigaste er å prata saman, utan å måtte konkurrera med siste hits på sprenghøgt volum. Dersom me spelar musikk, er det berre lågt, i bakgrunnen.
Du får IKKJE: Fancy mat. Pubkveld handlar om å prata meir enn å eta. På pubkveld får du kjøpa snacks eller kanskje ei pølse med brød. Enkelt og greit.
Du får IKKJE: Drikkepress. Me er like glad om du kosar deg med cola eller alkoholfri Kråkesølv.
