Potetbygda Fitjar


Her i Fitjar er me stolte av potetene vÃ¥re 

Me et potet med glede, og i nabobygdene er det ei kjend sak at om ein skal servera middag til Fitjarfolk, så må ein rekna dobbelt så mange poteter som til andre gjestar.

"Nett so poteto" 

Det seier me om ein særs dugandes og allsidig person, ein eller ei som er brukandes til alt mogeleg.

Poteter frå Fitjar

DÃ¥ snakkar me om særs gode poteter. Poteter som var sÃ¥ gode at bøndene rodde til Bergen med dei og selde dei frÃ¥ bÃ¥ten ved Brygga i bergen, og det gjekk gjetord om dei gode potetene. Det fruktbare rike jordsmonnet i Fitjarbygda har vore vidgjete heilt frÃ¥ folk gjekk frÃ¥ steinalderens sankekultur til bondesamfunn med dyrking av gras og vekster. 

Geopark Sunnhordland

Og ettersom Fitjar er ein del av Geopark Sunnhordland, er det viktig for oss Ã¥ fÃ¥ fram kor viktig geologien er for jordsmonn og vasskvalitet. Mikrobryggeriet ELØ hevdar at den særs gode vasskvaliteten pÃ¥ vatnet frÃ¥ Svartavatnet pÃ¥ toppen av Midtfjellet har mykje Ã¥ seie for det gode ølet som vart brygga her.

Potethøsting