Gå kulturløypa i fitjar sentrum og høyr korleis Håkon den Gode slåss med Eiriksønene.
Gratis guidet tur kvar torsdag og søndag heile sommaren, kl 12:00 og kl. 15:00. Møt opp på Fitjarsjøen 2 og bli med.
Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for både små og store. På kvart stopp er det lagt opp til ein skattejakt for dei minste. Turen går igjennom Håkonarparken og statua av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961. Vidare går turen til kongsbrunnen, og ved sørsida av kyrkja fortel vi om den gamle steinkyrkja som sto her. Siste stopp er Rimsvarden, som er ei stor bronsealder-røys. Her fortel guidane om grava og kva som er funnet i den, mens du får du ei nydeleg utsikt utover havet.
Merking: Grønn løpe
Høgdeskilnad: 13 – 118 moh.
Tidsbruk. Om lag 1 time.
Lengde: 2 km.