Kajakk utleige på Fitjar

0 Comments

august 5, 2023  

Visste du at du kan leige kajakker på Fitjar?

På Fitjar kan du leige kajakkar gjennom Padleåro og

Sunnhordaland padleklubb.

Padleåro

Padleåro har totalt 6stk kajakkar til utlån. Kajakkane står plassert på Hovland og på Port Steingard. Om ønskeleg kan det også avtalast transport av kajakkane til der du måtte være. 

Kajakkane følgjar med spruttrekk, årer og padlevest. Kvar kajakk har godt med lasterom, med to tette skott som kan romme alt du trenger til overnattingsturar. Kajakkane er stabile og godt eigna til nybyrjarar, men om du føler deg utrygg kan det anbefalast å ikkje bruke spruttrekket i starten. Det er ikkje dobbelkajakkar til utleige.

Pris

Dagsleige: 350,- per dag

Helg: 900,- fra fredag til søndag

Veke: 200,- per dag for 7 dagar

Du trenger ikkje våttkortet for å leige. For utleige kan du teke kontakt med:                              Johannes Nesse, telefon: 928 50 278  Meir informasjon finner du her: https://padlearo.no/

Sunnhordaland padleklubb

Har du teke våttkortet har også Sunnhordaland padleklubb kajakkar til utlån. Kajakkane står plassert på Kråko, og følgjar med spruttrekk, årer og padlevest. Kajakkene er stabile og har godt med lasterom. Det er ikkje dobbelkajakkar til utleige. 

For å leige kajakk må du være medlem av Sunnhordaland padleklubb. Medlemskap per år kostar 400 kr, og 50 kr per andre familiemedlemmer som melder seg inn. Du kan då leige kajakkar for eit heilt år, og ta med deg ein person ikkje er medlem. Denne personen trenger ikkje å ha teke våttkortet. Klubben har også kajakkar på Bømlo du kan leige.

For å leige kajakk på Fitjar tek du kontakt med: Kjetil Hjelde, telefon: 952 77 189                               Meir informasjon finner du her: https://www.sunnhordlandpadleklubb.no/

   Er du ikkje vanen med å padle, men har lyst til å oppdage dei nydelege 365 Fitjarøyene, så tilbyr Kråko gjestetun Gratis utleige av kanoar. Ha ein fantastisk padletur!

{"email":"Email address invalid","url":"Website address invalid","required":"Required field missing"}