Event by BirdLife Sunnhordland
Fitjar,Norway
Fitjar er ein spanande kommune med eit yrande fugleliv. Her kan du vente å sjå både kjende og kjære fugleartar, så vel som dei meir sparsame (og enno kjærare?). På tilsvarande tur i fjor vart det blant anna registrert to artar som aldri tidlegare hadde blitt registrert i Fitjar kommune, skogsnipe og røyrsongar.
Dag Rimmereid losar oss gjennom dagen, og med hans spisskompetanse på områda blir dette garantert ein bra dag i felt
Oppmøte ved Fitjar Camping 25. mai kl. 09:00
Turleiar: Dag Rimmereid, tlf.: 481 58 301