Visit Fitjar!
Gå ikkje glipp av våre ferietips
Meld deg på lista og få gode idéar til di neste ferieoppleving!
trivselsbygda fitjar
Slik svarar nokre som har flytta til Fitjar:
"Då me flytta til Fitjar fekk me faktisk plass til hage!"
"Anten me vil til Leirvik, Bergen eller Haugesund, så er det raskt og greit å komma dit"
"Her finst ikkje rushtrafikk. Rushtrafikk på Fitjar er når me ser meir enn tre bilar etter kvarandre"
"Lyset frå vest er heilt spesielt, og Fitjar har verdens flottaste solnedgong"
"Kvardagslogistikken er enklare her i Fitjar"
"Me har like lett tilgong til både sjø og fjell"
"I Fitjar blir me sett og møtt."
"Nærbutikkane gjer så god service, det er kjekt å handla her"
"Me føler at her får ungane ein trygg oppvekst"
"Me fekk mykje for pengane når me kjøpte hus i Fitjar"
På heimesida til Fitjar kommune finn du mykje nyttig informasjon om skuler og barnehagar i kommunen, og anna nyttig informasjon.
Rossneset Trivselpark er ein god plass å starte dersom du vil sjå etter byggeklare tomter.
Ikke heilt klar for å bygga nytt?
Her er lenke til FINN søk på hus til sals i Fitjar.
Lyst å finna på noko i lag med andre? Fotball, karate, teater, breakdance, motorcross, eller kanskje noko heilt anna? Her er ei oversikt over fritidsaktivitetar i Bømlo, Fitjar og Stord som du kan bli med på!
Klikk deg inn på nettsida "Aktivitet for alle", der finn du oversikt over ulike fritidsaktivitetar og andre arrangement.
Skriv ei melding her, så set me deg i kontakt med nokon som har flytta til Fitjar!
Fitjar er bygda som det er godt å flytta tilbake til når du har born og ønsker at dei skal ha ein trygg oppvekst.