1. TENK PÅ NOKO KJEKT

Vil du på tur? Eta god mat? Mata laks? Klappa ein gris? Helsa på ein geitebukk som heiter Tharald?

2. TA KONTAKT

Me hjelper deg å setta saman di neste oppleving 

3. KOS DEG!

Gled deg til å oppleva Fitjar! 

Me gjer det enkelt for deg

Me veit om så mange ukjende perler som du berre MÅ få med deg når du kjem innom Fitjar!

Ta kontakt og fortel litt om kven de er og kva tid de har til rådvelde, så kan me foreslå eit knippe opplevingar spesielt for dykk!

Potetbygda Fitjar

Du kjenner sikkert til at det finst eit uttal ulike potetsorter. Den sorten me likar best her i Fitjar er store, kvite poteter som er mjølne og smaksrike. Den sorten har eit flott namn, men her i Fitjar kallar me dei Kvite Engelske Poteter, eller aller helst seier me Fitjarpoteter.

Visste du forresten at dei ulike potetsortene har svært ulike blomar, og nokre av dei er så vakre at dei kan plantast i potte, som prydplante? 

Ting å gjera

Så mykje kjekt å finna på i Fitjar, og me hjelper deg med å finna morosame opplevingar! 

Overnatting

Visste du at når du søv i ei seng i Fitjar, så søv du nesten på kongsgarden til Håkon den Gode?

Håkon den Gode hadde kongsgarden sin på Fitjar, og bygda har vore kongssete sidan uminnelege tider. 

Mat og drikke

Nylaga mat, ein herleg kopp kaffi og ein god prat er viktig. Særleg når du kan få maten servert med eit smil og i rolege omgjevnader, med lyden av bølgjer i fjæresteinane og utsikt til eit svanepar som visar fram ungane sine. 

Bu i Fitjar

Fitjar er ei lita og triveleg bygd. Mange vel å flytta hit for å gje ungane ein oppvekst i trygge omgjevnader.

Den grøne bygda Fitjar

Ordet Fitjar tyder "den grøne eng ved sjøen". Og grøn er bygda, store deler av året. Fruktbar er jorda, det har folk visst sidan steinalderen. 

I seinare tid er vi spesielt stolte av at Sunnhordland har fått merket "Bærekraftig Reisemål". Så vi er grøne på meir enn ein måte!

 KOM IGJEN, 

TA KONTAKT!

Fitjarsjøen 2, 5419 Fitjar

hei@visitfitjar.no

+47 951 89 950

Verdsmeisterskapet i potetskrelling

Ølsmaking med potetchips av Fitjarpoteter

Lakseburger med saltbakte Mandelpoteter 

Du kan oppleva mykje rart i Fitjar!
Vi sender ferietips og kjekke aktivitetar til deg, meld deg på lista vår her: